onsdag 20. april 2011

Nyetablert innflyttarnettverk

Sist OPPDATERT 6. oktober 2013.

Gol innflyttarnettverk er eit kontaktforum for innflyttarar i Gol, men også "innfødde" og innflyttarar som bur i andre kommunar er velkomne!

Det kan ta lang tid for nye innbyggjarar å bli kjend med mange nok på ein ny stad. Gjennom dette nettverket kan ein treffe andre i same situasjon. Folk frå nettverket går på arrangement og aktivitetar i bygda og nabobygdene. Nettverket lagar også eigne arrangement.

I 2013 har det vore lite aktivitet i nettverket. Mange av medlemmene er no aktive i ulike lag og foreningar i Gol, og er mindre interesserte i nettverksarrangement. Det er veldig positivt at det har skjedd! Me har ingen konkrete planar akkuart no, men er klare til å auke aktiviteten når nokon foreslår noko konkret.

Med ujamne mellomrom sender me ut informasjon til alle som står på epost-lista vår. Du kan gjerne få stå på lista! Kontakt oss på gol.nettverk@hotmail.no (no til slutt, ikkje com!). NB: ikkje bruk gmail-adressa som står øvst på bloggsida, fordi det er tekniske problem med den.

Gol innflyttarnettverk vart starta opp våren 2011.